torsdag 10. september 2009

Leiligheit... Fasan for eit strev!!

Å finna ein plass å bu i detta landet, skal vist visa seg å vera ein prøve på lik linja med å bestiga Hamalaya eller Lønahorgi etter ein våt lørdag. Etter ei hard, kald og kjeedeli natt på Gatwick, fekk me lik null søvn på flyet, etterfulgt av 10 timar husjakt i dag. Me har no vert vakne i ca 33 timar. Dagen har gått med på trasking og ringing rundt til alle som leiger ut i Almeria. Hjå dei fleste får me til svar at dei ikkje leiger ut for berre 3 mnd. Til slutt la me oss inn på eit ungdomsherberg i vill frustrasjon. Er no overtrøtte, men kampklare til vidare leiting i mårgon.

Universitetet er stort, og byen er ti gonger større enn me trudde, og det er ganske store avstander. Har leikt litt med tanken på å leiga scooter og/eller bil ein dag for å få litt oversikt.

men no må to stykk slarkne skjøger såva. Don't worry moms and dads, we will be fine! Men send meir peng just in case ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar