mandag 23. november 2009

Gracias Por Su Visitas!

Dei siste tre vekene har me hatt besøk; foreldre og besteforeldre har alle funne vegen til Almeria. Somme har overnatta hjå oss medan andre har budd på hotell her og der. Me har vist dei det som er å sjå her; Alcasaba, La Ramla og handlegatene, fontenar, strand og ikkje minst alle tapasplassane. Det har blitt konsumert eit bøttelass med vin og øl, og eg trur Rioja har auka omsetningen betraktelig på grunn av oss :) Mine foreldre budde hjå oss heile veka, for utan ei natt i Estepona når me roadtrippa. Det var ekstra koseleg for oss, då me fekk servert frukost og middag samt at me ikkje trong tenkja på oppvasken. Oppvasken til vanleg vert tatt når den når i taket..Pappa fekk handla seg skinka som han prata ustanseleg om heila veko, og fòr glad og lykkeleg heim med premien sin på 7 kg i kofferten. Planen var å dansa med denne når han kom heim, men så tapte United og skinka vart fort fjerna slik at spy og galle ikkje skulle komme over heile herligheten.
Trine var ei pliktoppfyllande dotter når mora og typen kom, henta dei på flyplassen og viste dei den samme runddansen som mine fekk. Dei forlot meg etter ein dag og eg sat her mutters aleina og var Gumba Vennelaus ei heil veka. Dagen ho kom heimatt, var den dagen sinnsjuko hadde tatt overhand og eg var på nippet til å byrja å prata med meg sjølv og visa knyttneven til forbipasserande nede på gata. Etter tre sesongar av Sex n' the City og 500 kabalar som aldri gjekk opp, fekk eg lykkeanfall når min kjære endeli kom heimatt. Dei hadde vert å sett på apane på Gibraltar og surfegutta i Tarifa (meg sjaluu??? nope..grrr)
Siste besøket feirte gullbryllupp her hjå oss. Same prosedyre as all the rest, slottet og handlegater. Dei la seg inn på Gran Hotel og hadde full oversikt frå 4 etasje. Besteforldrene til Trine må vera det sprekaste og kjekkaste paret som feire gull! Me lokka dei med på tapas, vin og pizza fleire kveldar. Trinemor og bestemor bada etter solnedgang i San Jose, medan me stod på land og fraus you-know-what av oss.
Dette er siste veke i Almeria, og turen går vidare til Barcelona på freddan', og Bergen for min del Søndag, og Trine-ingen-flyskrekk-etter-ei-flaske-vin fyk heim mandag. Gosj gler oss til å sjå akkurat DEG igjen!!!

onsdag 18. november 2009

Ny TaTt,vel!

Har endeli fàtt den tattooèn eg har tenkt pà no i 8 mnd, and I absolutely LUVS it!
Trine har vore ein handholdar uten like; for dette gjore so inni HeLvE**E ilt at du vekje tru da. Og eg har hatt sprukken blindtarm og tre nyresteinar.. Men dette tok kaka! Was sweating bullets, if u know whot ameen. Tatovören var ein mann pà rundt 55 àr, og hadde dreve pà i 35 àr. Eg spurte han om han hadde mange tattar, men han hadde berre ein liten ein pà foten, for det gjore sà ilt. Whaat? Her har me med ein ateistisk bibelselgar à gjere..Nar eg ikkje trudde eg skulle holde ut lenger, spurte eg Trine om kor langt han var komt, "Jo han e nett ferdi med fyste bokstaven.." hmm this is how im gonna die; klissvàt i hendene, kjevelàs og stakkars vettskremte Trine med flate fingrar.
Viss eg noen gong skulle komme pà à gjere dette igjen, vil eg at noen der ute tar ei kjevle og slàr meg hardt i hàve og spör meg om eg har lyst à oppleve tre slag i sekundet i 1,5 time. nnnei takk, Ill pass. Jaja da er det berre igjen à vaske og smöre 3 gonger for dagen i 10 dagar sà er den klar.
ps; til mamma og pappa; eg veit eg e arvelaus no, and Im sorry, og det blir den siste!! HoNESt!

tirsdag 10. november 2009

Brain-Salad-Surgery...

Okej, dette var desidert det sickest thing ever! Tenk at dei let ei lite studentjente frà Voss rota rundt i hjernen pà folk her nede. Og eg meine ikkje psykisk, for det er jo for seint, anyway. Im sure I`ve already F`ed someone up.. Nok om det, i dag har eg da assistert i hjernekirurgi, nermare bestemt tumorfjerning i hjernen.
Fyst sett dei pasienten i sittande stilling, og festar ei slags tvinge pà hovudet. Snörer til skikkeli hardt, asso, nesten til eg trudde det skulle bjynna à knaka. Sàn cirka slik:
Sà opne dei. Og her begynner moroa, folkens. Bbbzzzzz brrrr og knekk i skallebeinet. Kirurgen var ein liten brun ein, som dansa og kjefta om einan. Og som om spansk ikkje er vanskeleg nok fra för, so pröv à forstà maske-spansk. Eg tippe lissom kva eg trur han vil ha next, og sà fàr eg litt kjeft nàr det er feil, men ka hoon? Han bàrte, og eg spylte og syns me var eit knakande godt team, meg og han som fekk kalla meg "girlfriend" for dagen. Han var nemli gift, "I didnt ask" sa eg..hallo? Noen gutta/menn er skikkeli freidige ass!
Vekk med kraniumringen, og der ligg gullet, vettu! Forsiktig forsiktig kutta han hol i duramadre (hjernehinna) og sà sàg me hjernen pulserte og nesten rörte pà seg. Noen like à se pà fine bilar og damer som whats-her-face Jolie, men eg like pulserande hjernar som er fine og surferosa:)

Etter dette satte han eit stort microskop framfor hovudet, og eg kunne ikkje se noen ting, sà eg tok bussen heim. The end! Mà alle ha söte draumar om meg..hehe

fredag 6. november 2009

Long time, no see..

Hola folkens! No er det lenge sidan eg har tatt dekan for meg, her.. Kva me har dreve med den siste veka, spør du? Heres a recap:
På lørdag var den obligatoriske Halloweenfesten då. Me vandra i Guds lys rundt heile byen for å finne kostyme. Men her er det jo ganske ulikt slik som søssa Kathrine har det i Junaiten, så fantasien er større enn utvalget. Me kjøpte diverse kostymer, men enda opp som to djevelsk flotte skjøger i svart og raudt. Inni byen møtte me ei snella i vampyrdrakt og loverboyen hennar på hard rockbaren Lilly Marlene, hvis dørvakt villig solgte sjela si til meg. Jaja tenkte eg, dette er ein bra bar! Tok ein drink og tre der, før me enda på ein privatfest for Erasmusstudentar. Guud så gøy asså! Der var alt muli forskjellige drakter; vampyrar, flaggermus, daudingar og eit par spanske smågodt i piratkostyme (to sjeler til i samlingen...hehe). Festens morogut var ein liten gay vampyrklump som syns det var beleilig at eg og Trine var kjærastar, slik at han kunne dobbeldate med boyfrienden sin frå Manchester. Men dette måtte me halda hemmelig for det var ikkje alle som måtte veta at han var homo, som om det ikkje strååålte ut av han. Sussen!! Vennen!!
Denne veka har eg hatt besøk som reise i morgon, og blir igjen avløyst av besøk til Trine dei neste to vekene. Fullt hus, men arti:) Kjekt å snakke med noen som faktisk skjønne kva du seier, og ikkje berre «no habla espanol for svarte»
Trukje de me har vert med på kneoperasjon då? Det var berre som røyken sto ut OR-døra og smalahåvesneken spreidde seg i lokalet. Spennande, tenkte me, her inne er det nok noe koolt som skjer. Der ligg mannen med kneet i vinkel, griseknoken opna bra opp og med ein stålpinne kjørt ned og inn i margen på leggbeinet. Når me kom inn, skulle dei akkurat til å gjera det same med lårbeinet, og margen sprutte i taket og over alt. Dei saga og høvla, klypte og herja på med det kneet. Når du kan stå i eit par timar å høyra, lukta og sjå på dette og ikkje bli svimmel og kvalm, då veit du at du er herda. Og ikkje for å skryta, men desse søstrene her syns dette er så normalt no, at smalasneken gjer oss svoltne i magen..hihi. Girls with sicko fetishes, is us:) Bring it on!
Heim å lystna på Jay-Z sitt Blueprint 3 album og danse. God kveld i ståva!

Trine by day, and Trine by night:

Syster Trine:

Kneet har fàtt ny skinnande, fin og knirkefri innredning:

torsdag 29. oktober 2009

Operasjonsdag 3: Rektumamputasjon

Rektumamputasjon! Yeah you heard me; fjerning av rektum! Denne eldre mannen hadde ein pitte liten tumor dorsalt i rektum, på ca 2-3 cm. For å kunne sjå denne når dei filma inni magen, var den blitt tatovert på førehand. Same presedure as yesterday, Miss Sophie; tre hol i magen til skop, tv-skjerm i rett vinkel og allt utstyr lina opp. Dei tilta bordet slik at pasienten ligg med beina opp, dette gjer at gutsen fèr med tyngdekrafta og det blir enklare å grave seg veg til nederste del av magen. Etter ein time med leiting , hadde dei ikkje funne polyppen endå, tatoveringen var sklidd ut og eit større område enn polyppen var blitt farga. Då er det godt at det fins skalpell og den «gode gamle» måten å operera på. Dei la allt av tarmar på utsida av magen, og dei fekk rota og flytta på alt nedi der. Eg og Trine var dirreklare til å hyva på oss sterilt utstyr: «Vi har åsså lyst å rote rundt i magen. Kjenne og klemme!» Kanskje i morgo :)

Denne operasjonen varte i litt over 3 timar og innebar at pasienten fekk fjerna 20 cm rektum (så og sei heile), vart proba oppi baken tre gonger med to store kamerarøyr og eit skrujern. Medisinsk skrujern altså, ikkje sån med stjerne på tuppen! Kam an folkens!

Tippa han har følt seg lettare krenka når han vakna opp, uten å heilt kunne setja fingen på koffø denne følelsen kom. Stakkars.

Nok ein dag med operasjon og det har berre blitt bedre og bedre. Lika kjekt å høyra på når kirurgen syng og dansar som når han fortel oss kva me ser på skjermen. Dette er stemning me likar. Men no må me kvila litt, har jo ikkje blunka på 3 timar. Talast

Her fàr me plass til heile armen om ein vil..:

Alt det raude pluss litt til, er tarmar som ligg pà utsida:Rektum:

onsdag 28. oktober 2009

Operasjonsdag 2: The Terminator

Andre dagen av det som kan reknast å vera dei beste dagane på jobb EVER! Dagens oppdrag; fjerna ein tumor på colon. Me vart ikledd grønne kle, hetta og munnbind som vanleg. Operasjonen skulle gjerast lapraskopisk av to unge kirurgar. Dei var utruleg hyggelege og fortalte og viste oss undervegs, på engelsk! Can you belive it? Til og med sjukepleiaren på sikkert 60 snakka engelsk, og ho prata masse. Vimsa rundt og prata og prata.
Dama som skulle opererast hadde ein stor tumor på colon som var lett palpabel frå utsida, men når dei opna og me såg den på tv-skjermen var den mykje større enn dei hadde rekna med. Dei brukte lang tid på å løysa tumoren frå bindevev mellom rygg og mage med sviapparatusen sin. For dei av dykk som ikkje har kjent denne lukta, er det nett som når du svir smalahåve, eller ditt eige hår (for noen er dette det samme, hehe). Men du vert vant til det, og når det vert gjort lapraskopisk ligg denne røyken inni magen ei stund før den siv ut i rommet. Anyway, heile prosessen med å løyse tarmen og vevet tok ca 3 timar. Viss du kan tenkje deg til at colon ( tjukktarmen altså) ser ut som ein oppned U, så skar dei vekk eit stykke frå eine sida der den går opp. Når dette var laust, opna dei opp buken, gjennom feitt og mellom magemusklane, la ein plastpose rundt sårkanten for så å dra ut denne enorme klumpen! Den må ha vegd rundt 1-1,5 kg. Stumpen av gjenverande tarm vart lagt ut på magen og sydd saman med resten av «systemet» for så å verta putta inn att. Det er vanskeleg å forklare og ikkje lett å tenkje seg til.
Under heile operasjonen var det mykje prating, erting og latter. Kirurgane spelte musikk og song på «spengelsk», kalte kvarandre for Terminator og Blondie. Don't ask, we don't know why. Det var morsomt vertfall. Etter nesten 4 timar lurte dei på om me ikkje ville eta lunsj snart, me måtte jo ve kjempesvoltne. Eg kjente allerede etter 2,5 timar at magen rumla, men augene var svoltnare enn magen under heile operasjonen. Så me svarte at «No thank you, learning first, food later». Dei berre smilte å sa «You are perfect students, we like!»
Me skal tilbake i morgon. Det blir sweet!!
Men no; hårklypp og aromaterapi i ein time:)
Snakkast darlings!
Tumoren som vart fjerna, pà storrelse med to store mannehender:
Tarmande mens dei làg utpà magen. Kirurgen syr dei saman:
Sydd saman etter 4 timar. To skop fortsatt inni magen:

tirsdag 27. oktober 2009

Operasjonsdag nr 1.

Nok ein gong må eg åtvara om sterke bilder for dekan som er lettkvalmige.
I dag var ein fantastisk bra dag på jobb! Me gruar oss kvar dag me skal på jobb, for å vera på sengepost er ikkje for desse jentene. Men straks ein kjem seg til spesialpost er sjukepleiarar og legar utrulig mykje kjekkare å jobba med. Me har sidan sist veke prøvd å kome oss til operasjonsavdelingen, og i dag hooka me tak i ein kirurg og slang oss på. Han er spesialist på brystkreft, og i dag skulle han fjerne kreftsvulst frå brystet til ei dame i 50-åra.
Me vaska hender og fekk på oss hette og munnbind. Eg vaska sterilt og fekk på steril frakke og hanskar i tillegg; her skulle det assisterast. Det kribla og kitla i magen når skalpellen kom fram, og sviapparaturen svei blodårer så røyken sto i taket. Kreftsvulsten var på størrelse med to klinkekuler, og vevet rundt vart også fjerna. Deretter opna dei inn til armhola og stakk ein probe inn som signaliserte der det var vevs- og celleaktivitet. Dei skar ut ein kjertel som vart sendt til patologen omgåande for analyse. Deretter fekk eg stikka fingen inn og kjenne på vevet inni hola. Det var varmt, naturlegvis, og blaudt, og eg kjende heilt til ribbeina. Etterpå fortsatte dei å jobba med brystet, for å fylle «holrommet», der svulsten hadde vore, med feitt frå andre delar av brystet. Etter ei stund kom svaret frå paologisk avdeling; analysen var positiv. Ho hadde spreidning til lymfene. Brystkreft sprer seg til lymfene under armane fyrst, fekk me beskjed om, så alle kjertlane var omhyggeleg fjerna derifrå. Dette er ein lang og detaljert prosess som krev stødige hender. Holet under armen vart gjort større og me kunne sjå arteria radialis, den store åra som forsyn store delar av armen med blod. Til slutt fekk dei fjerna lymfene, og klumpane der kjentes harde ut og var gråaktige i fargen.
Det vart ikkje lagt inn implantat på denne dama, då brystene hennar ikkje var så store i utgangspunktet, og dette måtte i så fall gjerast på nytt etter radiografi og patologiske undersøkingar har klargjort pasienten for fleire svulstar.
Dette er eit emne som opptek meg av personlege årsaker, og blir mest sansynleg emnet mitt til bacheloroppgåva. Damer, og menn, SJEKK DEKAN!!! Kjenn etter i dusjen, klip og kna og for all del ikkje tru at ein kul går over av seg sjølv!

Hola der kreftsvulsten har vore. Areola vert så flytta opp der som sårringen er:
Kreftsvulsten frå brystet:
Her kan ein tydeleg sjå affistert vev på hogre side, samt to tydelege skuggar av lymfekjertlar lenger til sida:
I mårgon skal me òg operera, men då på elektiv og akutt avdeling. Det blir kjekt og ikkje minst interressant!