onsdag 28. oktober 2009

Operasjonsdag 2: The Terminator

Andre dagen av det som kan reknast å vera dei beste dagane på jobb EVER! Dagens oppdrag; fjerna ein tumor på colon. Me vart ikledd grønne kle, hetta og munnbind som vanleg. Operasjonen skulle gjerast lapraskopisk av to unge kirurgar. Dei var utruleg hyggelege og fortalte og viste oss undervegs, på engelsk! Can you belive it? Til og med sjukepleiaren på sikkert 60 snakka engelsk, og ho prata masse. Vimsa rundt og prata og prata.
Dama som skulle opererast hadde ein stor tumor på colon som var lett palpabel frå utsida, men når dei opna og me såg den på tv-skjermen var den mykje større enn dei hadde rekna med. Dei brukte lang tid på å løysa tumoren frå bindevev mellom rygg og mage med sviapparatusen sin. For dei av dykk som ikkje har kjent denne lukta, er det nett som når du svir smalahåve, eller ditt eige hår (for noen er dette det samme, hehe). Men du vert vant til det, og når det vert gjort lapraskopisk ligg denne røyken inni magen ei stund før den siv ut i rommet. Anyway, heile prosessen med å løyse tarmen og vevet tok ca 3 timar. Viss du kan tenkje deg til at colon ( tjukktarmen altså) ser ut som ein oppned U, så skar dei vekk eit stykke frå eine sida der den går opp. Når dette var laust, opna dei opp buken, gjennom feitt og mellom magemusklane, la ein plastpose rundt sårkanten for så å dra ut denne enorme klumpen! Den må ha vegd rundt 1-1,5 kg. Stumpen av gjenverande tarm vart lagt ut på magen og sydd saman med resten av «systemet» for så å verta putta inn att. Det er vanskeleg å forklare og ikkje lett å tenkje seg til.
Under heile operasjonen var det mykje prating, erting og latter. Kirurgane spelte musikk og song på «spengelsk», kalte kvarandre for Terminator og Blondie. Don't ask, we don't know why. Det var morsomt vertfall. Etter nesten 4 timar lurte dei på om me ikkje ville eta lunsj snart, me måtte jo ve kjempesvoltne. Eg kjente allerede etter 2,5 timar at magen rumla, men augene var svoltnare enn magen under heile operasjonen. Så me svarte at «No thank you, learning first, food later». Dei berre smilte å sa «You are perfect students, we like!»
Me skal tilbake i morgon. Det blir sweet!!
Men no; hårklypp og aromaterapi i ein time:)
Snakkast darlings!
Tumoren som vart fjerna, pà storrelse med to store mannehender:
Tarmande mens dei làg utpà magen. Kirurgen syr dei saman:
Sydd saman etter 4 timar. To skop fortsatt inni magen:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar