torsdag 29. oktober 2009

Operasjonsdag 3: Rektumamputasjon

Rektumamputasjon! Yeah you heard me; fjerning av rektum! Denne eldre mannen hadde ein pitte liten tumor dorsalt i rektum, på ca 2-3 cm. For å kunne sjå denne når dei filma inni magen, var den blitt tatovert på førehand. Same presedure as yesterday, Miss Sophie; tre hol i magen til skop, tv-skjerm i rett vinkel og allt utstyr lina opp. Dei tilta bordet slik at pasienten ligg med beina opp, dette gjer at gutsen fèr med tyngdekrafta og det blir enklare å grave seg veg til nederste del av magen. Etter ein time med leiting , hadde dei ikkje funne polyppen endå, tatoveringen var sklidd ut og eit større område enn polyppen var blitt farga. Då er det godt at det fins skalpell og den «gode gamle» måten å operera på. Dei la allt av tarmar på utsida av magen, og dei fekk rota og flytta på alt nedi der. Eg og Trine var dirreklare til å hyva på oss sterilt utstyr: «Vi har åsså lyst å rote rundt i magen. Kjenne og klemme!» Kanskje i morgo :)

Denne operasjonen varte i litt over 3 timar og innebar at pasienten fekk fjerna 20 cm rektum (så og sei heile), vart proba oppi baken tre gonger med to store kamerarøyr og eit skrujern. Medisinsk skrujern altså, ikkje sån med stjerne på tuppen! Kam an folkens!

Tippa han har følt seg lettare krenka når han vakna opp, uten å heilt kunne setja fingen på koffø denne følelsen kom. Stakkars.

Nok ein dag med operasjon og det har berre blitt bedre og bedre. Lika kjekt å høyra på når kirurgen syng og dansar som når han fortel oss kva me ser på skjermen. Dette er stemning me likar. Men no må me kvila litt, har jo ikkje blunka på 3 timar. Talast

Her fàr me plass til heile armen om ein vil..:

Alt det raude pluss litt til, er tarmar som ligg pà utsida:Rektum:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar