mandag 23. november 2009

Gracias Por Su Visitas!

Dei siste tre vekene har me hatt besøk; foreldre og besteforeldre har alle funne vegen til Almeria. Somme har overnatta hjå oss medan andre har budd på hotell her og der. Me har vist dei det som er å sjå her; Alcasaba, La Ramla og handlegatene, fontenar, strand og ikkje minst alle tapasplassane. Det har blitt konsumert eit bøttelass med vin og øl, og eg trur Rioja har auka omsetningen betraktelig på grunn av oss :) Mine foreldre budde hjå oss heile veka, for utan ei natt i Estepona når me roadtrippa. Det var ekstra koseleg for oss, då me fekk servert frukost og middag samt at me ikkje trong tenkja på oppvasken. Oppvasken til vanleg vert tatt når den når i taket..Pappa fekk handla seg skinka som han prata ustanseleg om heila veko, og fòr glad og lykkeleg heim med premien sin på 7 kg i kofferten. Planen var å dansa med denne når han kom heim, men så tapte United og skinka vart fort fjerna slik at spy og galle ikkje skulle komme over heile herligheten.
Trine var ei pliktoppfyllande dotter når mora og typen kom, henta dei på flyplassen og viste dei den samme runddansen som mine fekk. Dei forlot meg etter ein dag og eg sat her mutters aleina og var Gumba Vennelaus ei heil veka. Dagen ho kom heimatt, var den dagen sinnsjuko hadde tatt overhand og eg var på nippet til å byrja å prata med meg sjølv og visa knyttneven til forbipasserande nede på gata. Etter tre sesongar av Sex n' the City og 500 kabalar som aldri gjekk opp, fekk eg lykkeanfall når min kjære endeli kom heimatt. Dei hadde vert å sett på apane på Gibraltar og surfegutta i Tarifa (meg sjaluu??? nope..grrr)
Siste besøket feirte gullbryllupp her hjå oss. Same prosedyre as all the rest, slottet og handlegater. Dei la seg inn på Gran Hotel og hadde full oversikt frå 4 etasje. Besteforldrene til Trine må vera det sprekaste og kjekkaste paret som feire gull! Me lokka dei med på tapas, vin og pizza fleire kveldar. Trinemor og bestemor bada etter solnedgang i San Jose, medan me stod på land og fraus you-know-what av oss.
Dette er siste veke i Almeria, og turen går vidare til Barcelona på freddan', og Bergen for min del Søndag, og Trine-ingen-flyskrekk-etter-ei-flaske-vin fyk heim mandag. Gosj gler oss til å sjå akkurat DEG igjen!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar