torsdag 17. september 2009

Fyrste jobbedag!

Dette var ein oh-so-exciting day! herregud så mykje me får med oss. I dag har eg besøkt ein mann med lepra, der halve foten allerede var amputert og me skulle stelle såret. Der som klinikken er er det masse fattigdom, nesten alle er uten jobb, misbruke alkohol og drugs. Born og ungdom går ikkje/sjelden på skule, og mange blir gravide i ein alder av 13-16 år. Området der leprapasienten budde, har dei mange holer i fjellsida der folk bur. Holene har vert der i mange tusen år, og det har alltid budd folk der. Fattige folk.

Me har mellom anna sett masse injeksjonar, stellt sår, periodekontroll av gravide og masse meir. Trine sin kontakt snakka litt engelsk, mens min prata kun spansk og fransk. Det gjekk for det meste i fransk, noe som var ganske fruktbart :)

I Spania er dei ikkje så nøye med å skjerma pasienten inne på undersøkelsesromma. Trine skulle skifte eit kateter på ein eldre mann i går, når den eine etter den andre kjem inn på kontoret medan mannen ligg med pilten hengande ute. Me har jo lært at skjermbrett skal brukast flittigt, og i tillegg skal dører låsast. Men her kjem læraren frå universitetet inn å skal preike om laust og fast. Stakkars gamle mann med kateter. Hadde me gjort det heime hadde me fått kronisk utskjelling med påfølgande tinitus av kontaktsjukepleiar. Medan her er det nok å banke ein gong på døra og buse inn med alt mulig uviktig info.

Har lagt ut to bilder frå dagen vår. Det fyrste viser slumområdet med hola i fjellet der dei fattigaste bur. Det andre er IKKJE, repetert: IKKJE, for sarte, kristne sjeler med lettpåvirkeleg brekningsrefleks og kronisk insomnia! Don't say I didn't warn you, sissys!

Det kvite oppå foten som ser ut som ei lang strimle, er ligamentet som går frå tåa opp til ankelen og som gjer at du kan lea på stotåa. Denne dama lea på tåa medan eg rensa såret, and sure enough, fòr senen att og fram. Temmeli tøfft å se på viss du er av den litt makabre typen, som meg:)

2 kommentarer:

  1. You are mad!!! And I can just imagine your big white happy smile goin "jei!!!". I need to get me some wine now to forget what I just saw. I cant finnish the blog entry readin if I don't see furthe, can't I :) Eh, curiosity kills.
    Lykke til med alt og venter paa neste entry.

    SvarSlett
  2. Lurvs my dose of Liisi input. Ur always spot on! JEI!!!!

    SvarSlett