torsdag 17. september 2009

Fyrste jobbedag!

Dette var ein oh-so-exciting day! herregud så mykje me får med oss. I dag har eg besøkt ein mann med lepra, der halve foten allerede var amputert og me skulle stelle såret. Der som klinikken er er det masse fattigdom, nesten alle er uten jobb, misbruke alkohol og drugs. Born og ungdom går ikkje/sjelden på skule, og mange blir gravide i ein alder av 13-16 år. Området der leprapasienten budde, har dei mange holer i fjellsida der folk bur. Holene har vert der i mange tusen år, og det har alltid budd folk der. Fattige folk.

Me har mellom anna sett masse injeksjonar, stellt sår, periodekontroll av gravide og masse meir. Trine sin kontakt snakka litt engelsk, mens min prata kun spansk og fransk. Det gjekk for det meste i fransk, noe som var ganske fruktbart :)

I Spania er dei ikkje så nøye med å skjerma pasienten inne på undersøkelsesromma. Trine skulle skifte eit kateter på ein eldre mann i går, når den eine etter den andre kjem inn på kontoret medan mannen ligg med pilten hengande ute. Me har jo lært at skjermbrett skal brukast flittigt, og i tillegg skal dører låsast. Men her kjem læraren frå universitetet inn å skal preike om laust og fast. Stakkars gamle mann med kateter. Hadde me gjort det heime hadde me fått kronisk utskjelling med påfølgande tinitus av kontaktsjukepleiar. Medan her er det nok å banke ein gong på døra og buse inn med alt mulig uviktig info.

Har lagt ut to bilder frå dagen vår. Det fyrste viser slumområdet med hola i fjellet der dei fattigaste bur. Det andre er IKKJE, repetert: IKKJE, for sarte, kristne sjeler med lettpåvirkeleg brekningsrefleks og kronisk insomnia! Don't say I didn't warn you, sissys!

Det kvite oppå foten som ser ut som ei lang strimle, er ligamentet som går frå tåa opp til ankelen og som gjer at du kan lea på stotåa. Denne dama lea på tåa medan eg rensa såret, and sure enough, fòr senen att og fram. Temmeli tøfft å se på viss du er av den litt makabre typen, som meg:)

onsdag 16. september 2009

We Be Leggy Blonds Now

Me har vert til frisør i dag. Etter ein lang dag på stranda i sol, masse vind og høge body-surfebølger, fant me ut at me trengte litt fjonging til fyrste dagen på jobb i morgon. Ja det skjer i morgon, asså! Men den oppdateringen kjem seinare. Altså, i dag var det frisørtid. Fekk masse sølvpapir i knollen, såg jo ut som aliens from aotaspace, og trudde ei stund me kunne ta inn radio... Me e stadig ikkje så flinke i spansk, men fekk yttra "klypp" "føn" og "striper" til jenta som dreiv salongen. Dette kan jo bli spennande, tenkte me. Det er alikevell tre mnd til me skal heim, så håret har jo vokse ut til dess. Men GOSJ, viss ikkje me vart noen lekkre chicas, så veit ikkje eg!
Check it aoot:

søndag 13. september 2009

Fyrste kvelden pà nattelivet..

Venners leiligheit:

Etter à ha fàtt ein heidundranes bra plass à bu, jajja eg veit me har repetert det masse, sà var me soo klar for ein felles middag og noen glass vin. Eg tussla heim med tretti gnagsàr og Trine vandra vidare med gjengen til ein bar. Det ver vel da uhellet var ute, og Trine vart skyssa til legevakten med kutt i kneet fra ei knust flaske. Stakkars jento mi :* Nà eg vakna i dag og skulle lana kameraet hennar, lag ho i senga med bandasje og alle stiftane og blod og da heila! Men da var ikkje sà gale alikavell, for "han turnuslegen var jaekla fin, asso, trilla meg i rullestol og greier!!"

Mi casa es su casa..


Etter à ha traska rundt i Almeria i tusen timar, fannt me endeleg ein plass à bu! Me hadde bestemt oss den morgonen at "I dag finn me leilegheit, og den er perfekt for oss". Det hjalp vist à tenke slik, for den fyrste me sàg pà, var akkuratt slik me ville ha! Den er nerme stranda, 60m, har 3 soverom, kjokken, terasse og er fullt moblert. Det er i tilegg takvifter i alle rom. Den er mildt sagt just the way we likes it:)


Dama som eig huset er 70 og snakkar ingen engelsk. Me har hatt ordboka i fanget, prata fransk og italiensk og brukt fingara, armar og fotter for at me skal forstà kvarandre. Det har faktisk gàtt heilt fint! Me trur faktisk me har lert meir spansk desse dagane med ho, enn kva me hadde i eit spanskkurs. Me var pà restaurant à àt lunsj med ho og to venninner i gàr. Dama skal til Granada i tre mànadar, og me var hjerteleg velkomne. Sà ein helgetur dertil blir innlegt i planane framover.




Stàva:

torsdag 10. september 2009

Leiligheit... Fasan for eit strev!!

Å finna ein plass å bu i detta landet, skal vist visa seg å vera ein prøve på lik linja med å bestiga Hamalaya eller Lønahorgi etter ein våt lørdag. Etter ei hard, kald og kjeedeli natt på Gatwick, fekk me lik null søvn på flyet, etterfulgt av 10 timar husjakt i dag. Me har no vert vakne i ca 33 timar. Dagen har gått med på trasking og ringing rundt til alle som leiger ut i Almeria. Hjå dei fleste får me til svar at dei ikkje leiger ut for berre 3 mnd. Til slutt la me oss inn på eit ungdomsherberg i vill frustrasjon. Er no overtrøtte, men kampklare til vidare leiting i mårgon.

Universitetet er stort, og byen er ti gonger større enn me trudde, og det er ganske store avstander. Har leikt litt med tanken på å leiga scooter og/eller bil ein dag for å få litt oversikt.

men no må to stykk slarkne skjøger såva. Don't worry moms and dads, we will be fine! Men send meir peng just in case ;)

tirsdag 8. september 2009

Avreise!!!

Då er dagen kome. ENEDLIG! I denne bloggen skal me rapportera heim frå Almeria, Spania, om sjukepleiarlivet. Det kjem oppdateringar frå reiser, masse bilder og generelt om livet som student på eit stort sjukehus på Solkysten.





Etter tre intense veker i lille-russland, med turnuslegar, jum-jum, kabal og ørten "eg kjeeeede meg", skal det bli sweet å reisa frå Odda:




...og fortsette livet (3 mnd av dei vertfall) her:



Me sitt no i London å venter på flyet til Almeria. Ingen av oss har sove noe særli i natt, og alle Stabucks'n me hiv innpå hjelper nok ikkje på denne nattesøvnen heller. Tenk så deili det blir å ligga med føttene i sanden og cava i glaset, kvar dag etter jobb! Me habla nada español, og dei know naating engles, så dette blir ein interessant praksis. Men som studentar har me jo blitt veldi flinke til å nikka, smila og sei "yes doctor". Og til kjekke turnuslegar; "Oh doctor, eg kjenner meg aldeles ør i toppen. Ta i mot meg no". Håpe denne gjeld world-wide :)

Men no ma me prova a sove litt i avgangahallen. Innsjekk er om 7 timar :)