tirsdag 27. oktober 2009

Operasjonsdag nr 1.

Nok ein gong må eg åtvara om sterke bilder for dekan som er lettkvalmige.
I dag var ein fantastisk bra dag på jobb! Me gruar oss kvar dag me skal på jobb, for å vera på sengepost er ikkje for desse jentene. Men straks ein kjem seg til spesialpost er sjukepleiarar og legar utrulig mykje kjekkare å jobba med. Me har sidan sist veke prøvd å kome oss til operasjonsavdelingen, og i dag hooka me tak i ein kirurg og slang oss på. Han er spesialist på brystkreft, og i dag skulle han fjerne kreftsvulst frå brystet til ei dame i 50-åra.
Me vaska hender og fekk på oss hette og munnbind. Eg vaska sterilt og fekk på steril frakke og hanskar i tillegg; her skulle det assisterast. Det kribla og kitla i magen når skalpellen kom fram, og sviapparaturen svei blodårer så røyken sto i taket. Kreftsvulsten var på størrelse med to klinkekuler, og vevet rundt vart også fjerna. Deretter opna dei inn til armhola og stakk ein probe inn som signaliserte der det var vevs- og celleaktivitet. Dei skar ut ein kjertel som vart sendt til patologen omgåande for analyse. Deretter fekk eg stikka fingen inn og kjenne på vevet inni hola. Det var varmt, naturlegvis, og blaudt, og eg kjende heilt til ribbeina. Etterpå fortsatte dei å jobba med brystet, for å fylle «holrommet», der svulsten hadde vore, med feitt frå andre delar av brystet. Etter ei stund kom svaret frå paologisk avdeling; analysen var positiv. Ho hadde spreidning til lymfene. Brystkreft sprer seg til lymfene under armane fyrst, fekk me beskjed om, så alle kjertlane var omhyggeleg fjerna derifrå. Dette er ein lang og detaljert prosess som krev stødige hender. Holet under armen vart gjort større og me kunne sjå arteria radialis, den store åra som forsyn store delar av armen med blod. Til slutt fekk dei fjerna lymfene, og klumpane der kjentes harde ut og var gråaktige i fargen.
Det vart ikkje lagt inn implantat på denne dama, då brystene hennar ikkje var så store i utgangspunktet, og dette måtte i så fall gjerast på nytt etter radiografi og patologiske undersøkingar har klargjort pasienten for fleire svulstar.
Dette er eit emne som opptek meg av personlege årsaker, og blir mest sansynleg emnet mitt til bacheloroppgåva. Damer, og menn, SJEKK DEKAN!!! Kjenn etter i dusjen, klip og kna og for all del ikkje tru at ein kul går over av seg sjølv!

Hola der kreftsvulsten har vore. Areola vert så flytta opp der som sårringen er:
Kreftsvulsten frå brystet:
Her kan ein tydeleg sjå affistert vev på hogre side, samt to tydelege skuggar av lymfekjertlar lenger til sida:
I mårgon skal me òg operera, men då på elektiv og akutt avdeling. Det blir kjekt og ikkje minst interressant!

3 kommentarer:

  1. lærerikt=) har litt lyst å skriva om da eg og=)

    SvarSlett
  2. Har de lov å springa rundt med kamera der inne??
    De e knalltøffe jenter ass :)

    SvarSlett
  3. "Springa" gjer me vel ikkje, men me har sjolvsagt spurt om lov fra dei som var til stades. In fact, so spurte dei opptil fleire gonger om me ikkje ville ta fleire bilder.

    SvarSlett